| Velkomen til Vestnorsk Kulturakademi! | |
Kontoret vårt på Tvildemoen er ope 1. august - 20. juni
Torsdag 900 - 1500
Fredag 900 - 1200
Utanom kontortid og om sommaren kan me kontaktast på e-post, eller mobil nr. 951 72 590.
|
| Har du lyst til å bli student våren 2012? |
Ps! Skjema for påmelding finn du under studietilbod.
Søknadsfrist for vårsemesteret: 13. januar
Mat - Entrepenørskap - Regional utvikling (MERU)
Deltakarane skal utvikle kompetanse som bidreg til auka kvalitet på forbrukerretta nyskaping av fiskeri- og landbruksprodukt i vestlandsregionen.
Eit høgskolestudium (15 studiepoeng) for matgründerar, primærprodusentar, tilsette i næringsmiddelindustrien, lærarar med mat som fag, butikkpersonale, forbrukarar samt personale knytt til serverings- og overnattingsstader og reiselivsinteresserte. Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk kulturakademi på Voss og Høgskolen i Bergen.
Fagansvarleg: Inger Nygaard
Studieavgift: Kr. 12 500,-
Datoar for MERU i våresteret 2012.
| 1. samling |
1.2 - 3.2 |
| 2. samling |
28.3 - 30.3 |
| 3. samling |
9.5 - 11.5 |
|
Eksamen |
31. mai |
Kvar samling går frå ons. kl. 10.00- fre. kl 16.00.
Tekstilkultur 1
Eit spanande studium om tekstilhistorie, ressursar, tilverking, bruk og vedlikehald av tekstilar. Studiet er for alle som arbeider eller er i kontakt med tekstilfag, som t.d museumstilsette, skreddarar, designarar, bunadsfolk, lærarar, førskolelærarar, kulturarbeidarar og andre. Studiet er eit samarbeid mellom Vestnorsk kulturakademi på Voss og Høgskolen i Bergen.
Tekstilkultur 1 er det første av 2 semester à 15 studiepoeng.
Dei to delemna kan %F2g takast i omvendt rekkefølgje.
Fagansvarleg: Lise Finne
Studieavgift: Kr. 10.000,-
Datoar for Tekstilkultur 1 i vårsemesteret 2012:
|
1. samling |
26 - 27.1 |
|
2. samling |
15 - 16.2 NB! ons.-tors.! |
|
3. samling |
15 - 16.3 |
|
4. samling |
26 - 27.4 |
|
5. samling |
24 - 25.5 |
|
Eksamen |
13. juni 2012 |
Kvar samling startar kl. 900 dag 1 og avsluttar ca. kl 1600 dag 2. Kveldsundervisning inngår.
Byggeskikk og bygningsvern, del 2
Faget skal gje ei innføring i ulike vestnorske byggeskikkar og antikvariske prinsipp innan bygningsvern. Vidare vert det praktisk formidling gjennom ekskursjonar til aktuelle fagmiljø i regionen.
Eit vidareutdanningsfag for deg som driv innan restaurering, vedlikehald og vern av gamle bygningar, eigarar av gamle bygningar og for tilsette i offentleg kulturadministrasjon, skule og museumssektor. Faget er også ope for studentar frå universitets- og høgskulemiljø.
Byggeskikk og bygningsvern 2 er det andre av 2 semester à 15 studiepoeng.
Dei 2 delemna kan også takast i omvendt rekke følgje.
Fagansvarleg: Knut Grove
Studieavgift: Kr. 12.500,-
Datoar for Byggeskikk og bygningsvern i vårsemesteret 2012:
|
1. samling |
19 - 20.1 |
|
2. samling |
9 - 10.2 |
|
3. samling |
8 - 9.3 |
|
4. samling |
12 - 13.4 |
|
5. samling |
3 - 4.5 |
|
Eksamen |
1. juni 2012 |
Kvar samling startar kl. 900 torsdagar og avsluttar ca. kl 1600 fredagar.
|
I 2011 gjennomførte VKA og vår erfarne kursleiar Kåre Herfindal eit av fleire populære kurs i grindbygging.
Resultatet vart eit flott bygg som jentene på tekstilkultur fekk glede av ein regnversdag dei skulle farge garn og tøy:
Tekstilkultur 1 og dei andre vidareutdanningsfaga er no klare for påmelding til vårsemesteret. Sjå nærare info om dei enkelte faga under studietilbod i menyen til venstre. Der finndu også søknadskjema.
|
| Grindbygg - kurshelg | |
Neste kurs vil bli arrangert 19 - 22. april 2012.
Kurset blir planlagt etter tilsvarande opplegg som er gjennomført tidlegare.
Tors. og fre. kl.: 17.00 - 21.00
Laur. og sun. kl.: 9.00 - 16.00
Kursleiar: Kåre Herfindal
Pris: Kr. 3120,-
Stad: Vestnorsk Kulturakademi, Voss
Kursdeltakarane vil setje opp eit tradisjonelt grindbygg, ca. 5 x 10 m. i storleik.
Min. 8 - max. 10 deltakarar.
Me ynskjer helst skriftleg påmelding via e-post eller sms.
Skriv fullt namn og adresse, fødselsåret ditt, og gjerne eit tlf.nr. som me kan nå deg på.
Du kan melde deg på heilt fram til kursstart, eller så lenge det er ledige plassar.
|
| Kurs i samarbeid med Kompetansenavet Vest | |
Me vidarefører vårt samarbeid med Kompetansenavet Vest. Våren 2012 dreier det seg om økonomi og marknadsføring, bygd opp av 3 ulike tema:
|

Akademiet er sentralt plassert i gangavstand frå Vossevangen, ved Raundalselva i nedre del av Tvildemoen.
|
|
|
|