Grindbygging

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a. løer, naust og uthus.

Grindbygging er ein enkel og rimeleg byggemåte som er aktuell for m.a. løer, naust og uthus. Byggeteknikken er mykje nytta på Vestlandet, og har truleg historiske røter fleire tusen år attende i tida. På kursa vil du lære dei prosessane som skal til for å byggje eit grindbygg.

Grindbygging krev lite grunnarbeid og gir ikkje varige inngrep i naturen. Det er eit miljøvenleg, raskt og fleksibelt byggesystem. Eit grindbygg kan reisast på ein dag og du får eit bygg, som vil stå i generasjonar. Grindbygg kan demonterast og flyttast om ønskeleg. Ved å lage ditt eige grindbygg er du med på å vidareføra ein av dei eldste byggemetodane vi kjenner i Noreg. Lær deg den tradisjonelle byggemetoden sammen med instruktør og andre interesserte.

​Kurslengde

Ca 22 timer fordelt på ei langhelg, frå fredag til søndag.

Kursleiar

Instruktør på dette kurset er Lars Ingvald Folkedal.

Velkommen til hyggelege og interessante kursdagar i regi av Vestnorsk kulturakademi!
Kurset er støtta av Studieforbundet tradisjon og kultur.

Kursavgift

Kurset kostar kr. 3.900,-. inkluderer kaffi og verktøy.
Du bør ta med deg vernebukse til motorsag, høyrselsvern, og gjerne meterstokk, blyant og evt. store stemjern om du har. Hugs gode sko og klær då arbeidet går føre seg ute. Det vil bli gitt opplæring i bruk av motorsag.

​Tider

Fredag 06.09 kl 09:00 – ca 17:00
Laurdag 07.09 kl 09.00 – ca 16.00
Sundag 08.09 kl 09.00 – 16.00

Stad

Dette kurset vil gå i Utvik i Stryn kommune. Vi byggjer eit naust på plassen der det skal stå. Vi ordner overnatting til dei som treng dette. Kurset er i regi av Vestnorsk kulturakademi.
https://en.m.wikipedia.org/wiki/Utvik

Påmelding

Ved påmelding: namn, full adresse, epostadresse, fødselsår og telefonnummer.
Påmelding skal sendast til: post@kulturakademi.no

06. september 2024

Utvik i Stryn kommune

Påmelding