1000 års-jubileum for Kristenretten

Jubileumsarrangement i Finnesloftet og på Tvildemoen laurdag 17.08.2024.

Det er i år 1000 års jubileum for Kristenretten, som vart innført av Olav Haraldson og biskop Grimkjell og vedtatt på Mostratinget i 1024. I denne lova var det mellom anna påbod om å brygga øl to gonger om året og servera arveøl eller gravøl. Gjorde ein ikkje dette kunne du få bot og til sist mista gard og grunn.
Ølbryggjartradisjonane har halde seg heilt fram til i dag i Indre Vestland og vi har ein levande kulturarv knytt til heimabrygging av øl med kveik, som må takast vare på. Forskinga som VKA og NIBIO har gjort dei siste åra viser at gjærsoppen kveik er svært gammal og i alle fall over 1000 år. Vi sit difor truleg med den eldste levande immaterielle kulturarven på ølbrygging i verda.

Vestnorsk kulturakademi, saman med Fortidsminneforeningen avd Voss, vil setje fokus på 1000 års jubileet og ha eit arrangement i Finnesloftet og på Tvildemoen laurdag 17.08.2024. Arrangementet vil starta i Finnesloftet med foredrag og ølsmaking (kveikøl) med litt å bite i. Deretter buss til Tvildemoen, der det vil bli omvisning m a i Kveikbanken og det heile blir avslutta med middag (kortreist tradisjonmat) på Vestnorsk kulturakademi.

Arrangementet startar kl 16 og varer til kl 22

Foredrag

Rettshistorikar Jørn Øyrehagen Sunde: Om kristenretten, øl, ølhus, gilde og gildeskål.
Knut Finne: Om Finnesloftet
Atle Ove Martinussen (VKA): Om gjærsoppen kveik og Kveikbanken
Hans Geir Eiken(NIBIO): Om resultat frå DNA-forskinga på kveik

  • Ølsmaking
  • Buss til Tvildemoen
  • Omvisning i Kveikbanken (Laboratorium). Demonstrasjon av dyrking av kveik.
  • Midddag på Vestnorsk kulturakademi

Påmelding

Pris: kr 450 utan middag og kr 750 inkl middag.

Bindande påmelding innan 1. juli 2024 til:
post@kulturakademi.no
Gje opp om du skal ha middag og om du har allergiar

17. august 2024

Finnesloftet og Tvildemoen

Påmelding