Tekking med ulike typar skifer har lange tradisjonar i Voss- og Hardangerregionen. Du kan her læra tradisjonell skifertekking av ein erfaren instruktør. Kurset vil ha med teori om ulike måtar å leggje skifer på og praktisk tekking på hus.
Det er ein fordel om kursdeltakarane har handverksbakgrunn, men kurset er også ope for andre med interesse for å læra skifertekking.
Kurset går frå fredag 12.06 til søndag 14.06.2026. Det er eit kurs på 22 timar.
Fredag 12.06 09:00 – 17:00
Stad: Skulstadmoen, Voss
Førebuing og start skifertekking
Laurdag 13.06 09:00 – 16:00
Stad: Tvildemoen
Tekking.
Søndag 14.08 09:00 – 16:00
Stad: Tvildemoen
Tekking
Instruktør: Byggmeister Olav Langesæter
Pris: kr 3 900
De får mat og drikke under kurset.
Påmelding
Send følgjande:
Namn, adresse, mobilnummer, epost og fødselsår til post@kulturakademi.no
Skriv i påmeldinga om du har handverksbakgrunn og/eller erfaring med tekking. Det er ikkje eit krav for å vera med på kurset.
Spørsmål om kurset kan rettast til:
Atle Ove Martinussen
post@kulturakademi.no
004790368990
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon
Gjennomgang av teori, materialkvalitetar og ulike typar skifer brukt til tekking.
Lunsj på Vestnorsk kulturakademi, Tvildemoen