Om oss

Historie og visjon

Initiativet til opprettinga av Vestnorsk kulturakademi (VKA) vart teken av den dåverande Høgskulenemda i Voss kommune hausten 1992. Hausten 1996 kom det første fagstudiet i gang. Frå 2001 vart akademiet ei stifting. Stiftarane er Voss kommune, Hordaland fylkeskommune, Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Husflidslag, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen. Stiftarane utgjer styret med unnatak av Statsforvaltaren. For tida er det Voss Herad sin representant som er styreleiar.

 Vi ynskjer å vidareutvikle både kursverksemda og studietilbodet ved VKA innanfor etter- og vidareutdanning knytt til dei tre fagområda våre som er tekstilkultur, byggeskikk og matkultur. Vi tilbyr i dag høgskulestudium i Tekstilkultur 1 og 2 i samarbeid med Høgskulen på Vestlandet. Det er deltidsstudium som gir 15 studiepoeng per fag. Vi er i gang med å utvikle og få godkjent Tekstilkultur 3 og vil då kunna tilby 45 studiepoeng i høgkulestudiumet Tekstilkultur. Det er det einaste tilbodet i Tekstilkultur i landet. I tillegg driv vi ei omfattande kursverksemd i handverksfag og levande kulturarv; grindbygging, lafting, tørrmuring, snekring, ølbrygging, skifertekking m m. I 2024 vart det etablert ein genressursbank/laboratorium for kveik (Kveikbanken), der mikroorganismen kveik (gjærsopp) blir tatt vare på for framtida.  Kveikbanken og forskinga på kveik saman med NIBIO er finansiert av Landbruksdirektoratet og Vestland fylke. Verksemda til VKA ber preg av å vera eit ressurssenter for immateriell kulturarv, handlingsboren kunnskap og kulturbasert næringsutvikling overfor så vel lokale som regionale samarbeidspartnarar. 

Tilsette

Atle Ove Martinussen er dagleg leiar for Vestnorsk kulturakademi. Han er utdanna historikar ved Universitetet i Bergen, og har lang erfaring frå museumsarbeid og kulturminnevern i Norge og i utlandet. Han var direktør ved Museumssenteret i Hordaland i ei årrekkje, og har tidlegare arbeidd ved Norsk håndverksinstitutt, no ein del av Lillehammer museum. Han er også utdanna som UNESCO-instruktør i immateriell kulturarv.

Martinussen har skrive fleire artiklar om immateriell kulturarv, overføring av tradisjonell handlingsboren kunnskap, innovasjon og teknologi i norske og internasjonale tidsskrift. Han har gjennom sitt arbeid hatt særleg fokus på overføring av handverksdugleik og immateriell kulturarv, med vekt på utvikling, innovasjon og verdiskaping. Martinussen er redaktør for boka Oppstadveven.