Kurs i Kjengemaking. AVLYST!!

Ølkjenger har lange tradisjonar på Vestlandet. No kan du læra å laga di eiga!

Kurs i ølkjengemaking vil gå over to helger.

Første helga blir 8. – 10.11.24 (del I) frå kl 17-21 fredag og 9 -16 laurdag og søndag.

Sidan vi brukar rått virke må vi vente nokre veker før neste kurs.

Andre helga blir 13. – 15.12.24 (del II) frå 17 – 21 fredag og 9 – 16 laurdag og søndag. Totalt 36 timar.

De får mat og kaffi laurdagar og søndagar under kurset.

Pris er: kr 3 900 inkl emne til ei kjenge.

Ølkjenger har lange tradisjonar på Vestlandet og mange av dei ølkjengene som er tatt vare på hos private og på museum går tilbake til mellomalderen.

I 2020 kom det ut ei praktbok om ølkjenger av Sverre Strandenes. Boka heiter «Snus i snogen, tromf i bogen» og presenterer kring 500 kjenger frå perioden 1600-1900 – dei fleste frå Hordaland og Sogn. Boka kan vera inspirerande lesnad før kurset!

No vert det høve til å få læra seg å laga di eiga ølkjenge. Det blir plass til 7 kursdeltakarar, så her er det berre å melda seg på.

Instruktør på kurset er:

Eirik Bryn

08. november 2024

Voss

Påmelding