Kurs i Kjengemaking

Ølkjenger har lange tradisjonar på Vestlandet. No kan du læra å laga di eiga!

Kurs i ølkjengemaking vil gå over to helger.

Dato del 1

Første helga blir 2. – 4. oktober 2026
Fredag 17-21
Laurdag og søndag kl 9-16

Sidan vi brukar rått virke må vi vente nokre veker før neste kurs.

Dato del 2

Andre helga blir 30. oktober – 1. november 2026
Fredag 17-21
Laurdag og søndag kl 9-16

Totalt 36 timar.

Pris

Pris er kr 3 900 inkl emne til ei kjenge. Mat og kaffi laurdagar og søndagar under kurset er også inkludert.

Ølkjenger har lange tradisjonar på Vestlandet og mange av dei ølkjengene som er tatt vare på hos private og på museum går tilbake til mellomalderen.

I 2020 kom det ut ei praktbok om ølkjenger av Sverre Strandenes. Boka heiter «Snus i snogen, tromf i bogen» og presenterer kring 500 kjenger frå perioden 1600-1900 – dei fleste frå Hordaland og Sogn. Boka kan vera inspirerande lesnad før kurset!

No vert det høve til å få læra seg å laga di eiga ølkjenge. Det blir plass til 7 kursdeltakarar, så her er det berre å melda seg på.

Instruktør på kurset er:
Eirik Bryn

02. oktober 2026

Voss

Påmelding