Viktig melding til studentane på TEK801-1 24H Tekstilkultur 1 frå HVL og VKA i samband med uværet Jakob:
Det er ekstremvær på store deler av Vestlandet. Me veit ikkje korleis laurdagen blir, men vil ikkje ta nokre sjansar. I Bergen er det oransje varsel på flaumfare og svært mykje regn, mens jord -og flaumskredfare er vurdert på gult nivå. Toga mellom Bergen og Voss er førebels innstilte. Ordføraren på Voss seier til NRK at det kjem til å bli flaum og skred.
Me har difor tatt ei vurdering og vil avlyse den fysiske samlinga på Voss. Venlegast spre ordet dersom de har kontakt med medstudentar i messenger-gruppe eller liknande.
Me tek undervisinga digitalt på fredag om plantefarging: 16.15- ca19. Bruk lenke til venstre på zoom.
Sjekk info på CANVAS!!