Kven er vi
Vestnorsk kulturakademi er eit undervisningssenter på universitet/høgskulenivå, og har som hovudmål å ta vare på, formidla og utvikla erfaringskunnskapen som ligg i den vestnorske kulturarven.
Vi tilbyr etter- og vidareutdanning, og kortare kurs, i ulike handverks- og byggeteknikkar.
Kulturakademiet er òg eit regionalt senter for kulturbasert næringsutvikling basert på handlingsboren kunnskap. Kursa våre er støtta av Norsk Kulturminnefond og Studieforbundet kultur og tradisjon.
Antikvarisk rådgjeving i høve restaurering og istandsetjing av kulturhistoriske bygg vert gjeve av VKA. VKA arrangerer òg kurs i byggrelaterte teknikkar som grindbygging, lafting, tørrmuring og snekring.
Passer på Vestnorsk kulturarv
Handlingsboren kunnskap
Kulturbasert næringsutvikling
For tida går eg på Tekstilkultur 1, som er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet og Vestnorsk kulturakademi på Voss. Lærer fantastisk mykje om historie, materiale, teknikkar og uttrykk. Frå spinning til bærekraft, arkeologiske funn til samtidige eksperiment. Veldig gjevande, ikkje minst takka alle dei sjukt kompetente og dyktige medstudentane mine, med mykje ulik erfaring frå mange stader i landet. Her frå helgas samling på Voss, som kretsa kring fiber, spinning og veving. Veldig stas å få prøve seg på ein mini varafell, det vert nok ein del nerding framover.
Sara Heilevang
kursdeltakar
Aktuelt

Komposisjonsmaling 14.-16.august 2026
BRUK OG HISTORIKKKomposisjonsmaling ble i Norge tidligere benyttet på låver, driftsbygninger, plankegjerder og i enkelte tilfeller som utvendig maling på våningshus. Malingstypen ble mest benyttet

Tørrmuring for alle 21.-23. august
Det blir kurs i tørrmuring 21.-23.08.2026 i Vedafjorden på veglaus gard. Det blir båtskyss frå Stamnes og tilbod om enkel overnatting. De får mat og

Skifertekking i Ulvik 18.-20. sept 2026
Tekking med ulike typar skifer har lange tradisjonar i Voss- og Hardangerregionen. Du kan her læra tradisjonell skifertekking av ein erfaren instruktør.